Du er her: Forside / Nyhende / Elev-PC for deg som skal starte på VG1 2014/15

Elev-PC for deg som skal starte på VG1 2014/15

Undervisninga i vidaregåande skule krev PC. Alle elevar i vidaregåande opplæring i Hordaland fylkeskommune har sjølv ansvar for å stille med PC til skulestart i august. PC-en er eit nødvendig verktøy i din skulegang.

 

Korleis skaffe seg ei maskin til skulestart?

Du kan velje mellom å:

1. Kjøpe ei maskin gjennom leverandøren til Hordaland fylkeskommune

   (her tilbyr fylket maskiner som er subsidiert)

2. Nytte ei maskin du allereie eig

3. Kjøpe maskin i butikk

 

Gratisprinsippet

PC-ordninga er organisert på ein slik måte at ho tar omsyn til prinsippet om fri skulegang.

Maskinene som ligg i portalen til vår leverandør Atea, er noko rimelegare enn i butikk på grunn av subsidie frå Hordaland fylkeskommune. Grunnmodellen (HP430) som tilfredsstiller dine behov i dei fleste utdanningsprogram, kostar kr 2.838 ved  betaling over tre år. Minste stipendsats hjå Statens Lånekasse er kr 946 x 3 år = kr 2.838. Dersom du vel å betale heile beløpet i ein omgang får du ein rabatt på kr 500, og samla sum blir då kr 2.338.

 

Stipendet må søkjast om hjå Statens Lånekasse (www.lanekassen.no).

 

Val av maskin

 

Standard PC (grunnmodellen HP430) vil dekkje dine behov i det daglege skulearbeidet. Likevel vert det ved nokre utdanningsprogram tilrådd ei maskin med større kapasitet.

 

Når du skal velje maskin, kan det og vere lurt å tenkje på kva programvare som blir nytta på det utdanningsprogrammet du har valt. Ulike utdanningsprogram nyttar ulik programvare. Noko programvare fungerer best på Windows, medan andre fungerer best på OSX (Mac).

 

TIP, Byggfag og Elektro er døme på studieprogram som nyttar programvare som berre køyrer på Windows. Dersom du likevel vil bruke Mac på desse utdanningsprogramma må du kjøpe ein Windows-lisens i tillegg, slik at du kan køyre desse programma i Windows på Mac-en (dual-boot).

Sjå på www.hordaland.no/elev-PC og skulen si heimeside for tilråding av val av maskin.

 

Ønskjer du å kjøpe maskin gjennom Hordaland fylkeskommune sin leverandør?

 

 

Du kan no bestille maskin:

1. Gå inn på portal til leverandør: https://elevpc-hfk.flexvalg.dk/site/

2. Vel ein av dei fire modellane som blir tilbydd i ordninga

3. Når du har gjennomført kjøpet blir, beløpet reservert på konto til maskina blir sendt frå leverandør.

4. Du får kvittering på registrert e-postadresse.

5. Maskina blir sendt til næraste Post i butikk før skulestart i august 2014.

 

Husk å bestille før 31.07.2014

 

For bestillingar som skjer etter denne datoen, kan vi ikkje garantere maskin til skulestart.

 

For elevar som av ulike grunnar ikkje får bestilt innan fristen vil det vere fortløpande leveringstid på 3-5 dagar etter veke 33.

 

Kontaktinformasjon

 

Ved spørsmål om bestilling, leveranse, service og garanti ta kontakt med Atea:

 

  • Servicetelefon rundt bestilling (innloggingshjelp, brukarnamn/passord med meir):

Telefon eller sms til: 468 15 446

Opningstid 08.00 – 16.00 alle kvardagar frå 1.juni og ut året.

I tillegg i perioden 15.juni – 15.august får du svar på telefonen fram til kl 18.00

E-post: elevhfk@atea.no

 

  • Helpdesktelefon ved tekniske problem på PC/MAC (service og garanti):

Telefon 55 59 55 55

Opningstid 08.00 – 16.00 alle kvardagar

 

 

 

                                                                                                                                   

Modellar

 

ElevPC-modellane finn du i portalen til leverandør og på heimesida til Hordaland fylkeskommune - www.hordaland.no/elev-PC

Dersom du skal gå på arbeidslivstrening eller kvardagslivstrening, kan du velje å kjøpe nettbrett i portalen. Undersøk med din skule for tilråding av maskin før du eventuelt vel nettbrett til bruk i undervisninga. Sjå skulen si heimeside for tilråding, eller kontakt skulen for meir informasjon før du gjer eit val.

 

Programvare

Du får tilgang til den programvara som du treng i undervisninga. Vel du Mac, men likevel treng Windows-lisens, må du kjøpe denne sjølv.

Skuleval

Dersom du er usikker på om du skal velje offentleg eller privat vidaregåande skule må du vente med å bestille maskin. Det er berre elevar i den offentlege vidaregåande skulen  som kan nytte tilbodet om kjøp av ei subsidiert maskin. Dersom du begynner på privat vidaregåande skule og kjøper maskin gjennom denne ordninga, vil du bli fakturert ekstra for subsidiebeløpet.

 

Bestillingsportalen vil vere open til og med desember 2014. Tilbodet vil berre gjelde elevar på Vg1 og kan nyttast ein gong.

Skulesekk

Alle nye elevar på Vg1 vil få skulesekk rett etter skulestart. Denne skal vere eigna for transport av di maskin. Sekken vil og ha plass til anna skuleutstyr.

 

Austevoll vidaregåande skule: 5392 Storebø. Epost: post.aus@hfk.no. Telefon: +47 56 18 20 00