Høgspent ved Austevoll vgs
Austevoll vidaregåande skule fekk i går levert to trafoar frå Møre Trafo AS, og dermed er dei fyrste delane til høgspentlaben no på plass.
Produksjonen av 440 V og 230 V – tavlene er starta hos Electro Automation Austevoll AS, og vert levert om ca. 3-4 veker. Høgspenttavlene kjem også frå EAA AS og vert levert 19. november frå Schneider sin fabrikk i Frankrike.
Høgspentkursa vil starte opp frå veke 4 (19-23. januar), og det er planlagt 15 kurs fyrste halvdel av 2015.