Ikkje søkt om stipend ennå? Hugs å søkje før 15. november!
Har du hugsa å søkje om utstyrsstipend?
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, uavhengig av kor mykje foreldra tener eller har i formue.
Du må søkje før 15. november for å få heile utstyrsstipendet. Søkjer du etter denne fristen, får du berre halve beløpet.
Har du allereie søkt og det har skjedd endringar?
Fristen er 15. november for å melde frå om endringar som gjer at du kan ha rett til meir
pengar frå Lånekassen for hausten. Eksempel på slike endringar kan vere at
- • du har flytta heimanfrå
- • du har bytta skole (du må sende ny søknad)
- • du har bytta utdanningsprogram
- • økonomien til foreldra dine har endra seg
Hugs at du alltid har plikt til å melde frå om endringar som kan føre til at du har rett til eit lågare støttebeløp.
Les meir om å melde frå om endringar og korleis du kan gjere det.