Statssekretær vitjar fagskulen i akvakultur
I veke 18 var studentane samla på Austevoll vgs. til ei veke med eit interessant program. Statssekretær i Fiskeridepartementet (lokalt uttrykk for Nærings- og fiskeridep.) Amund Drønen Ringdal snakka engasjert om regjeringa sine framtidsvyer for havbruk. Ein student konkluderte med at han truleg er rett mann på rett plass utan omsyn til partitilknyting. Direktør i Fiskeridirektoratet Jens Chr. Holm snakka med dei om myndighetskrav og akvakulturledelse og ordføraren i Austevoll la fram kommunen sine planar og strategiar for satsinga på akvakultur lokalt. Skulen sin nære nabo, Havforskninga sin avdeling i Austevoll, representert ved stasjonsleiar Torfinn Grav, var der og delte sine tankar om korleis forskning kan vera nyttig for oss alle. Dagane vart toppa med at produksjonssjef i Lerøy/Sjøtroll, Hildebjørg Åsvang, fortalde om sin kvardag.
Stor takk til forelesarane som brukte si dyrebare tid til å dela kunnskapen sin og tankane sine med oss!