Assessor ved AMF
Austevoll Maritime fagskule
har godkjent assessor som nautisk lærar ved skulen.
Du kan kontakte Håvard Magnus Njåstad, - havard.magnus.njastad@hfk.no og tinge assessment.
Er du klar til å søkje Sjøfartsdirektoratet (SD) om sertifikat?
«Forskrift om kvalifikasjonar og sertifikat for sjøfolk» (FOR 2011-12-22 nr 1523)
seier m.a.:
- § 12 : Opplæring om bord før «førstegangsutstedelse av kompetansesertifikat», skal vere godkjent av SD og gje kadetten «systematisk praktisk opplæring og erfaring i oppgåvene, pliktene og ansvarsområda til ein offiser». Denne opplæringa skal vere leia av ein kvalifisert offiser om bord.
- § 13: Kvalifikasjonane til søkjar før søknad om første sertifikat, «skal evaluerast av sertifisert assessor».
Assessor er ein sertifisert fagperson som skal evaluere kompetansen til sjøfolk etter at dei har fullført si praktiske opplæring om bord og skal søkje SD om sitt fyrste nautiske sertifikat.
Assessor gjennomgår og vurderer din kompetanse dokumentert i opplæringsbok/ kadettbok og ved stikkprøvar og eksaminasjon.