Høgspentkurs for maskinoffiserar
Måling av høgspentbrytar
Austevoll vidaregåande skule vart godkjent av Sjøfartsdirektoratet 12. juni 2014, til å drive høgspentkurs. Skulen er 1 av 6 opplæringsinstitusjonar i Noreg som har godkjenning, og einaste i vår region.
Kurset vert halden i tråd med Sjøfartsdirektoratet sin sist reviderte emneplan;
"Oppgradering for maskinoffiserer- Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjoner på operativt og ledelsesnivå".
Høgspentlabben er prosjektert og levert av Electro Automation Austevoll AS. Dei har og bygd lågspenttavlene, medan høgspenttavla kom frå Schneider (Frankrike) i november 2014.
Kurset har eit omfang på 70 timar, der 20 timar vert gjennomført før ein tek siste kursveka ved Austevoll vidaregåande skule.
10 timar er e-læringskurs (levert av Trainor AS) og 10 timar er oppgåver som vert tilsendt per e-post.
Siste del av kurset (måndag til fredag) er på 50 timar (a´ 45 min), der omlag 25 timar er praktiske oppgåver i høgspentlabb.
Timeplanen er satt opp etter ferjetidene, slik at det er gode høve for dei som bur eks. i Bergen evt. Stord/Haugesund å pendle desse dagane. Ferje frå Krokeide kl. 0725 og frå Sandvikvåg kl. 0715.
Prisen på kurset er 27000 kr. Dette inkluderer 10 timars e-læringskurs (FSE lav- og høgspenning), 10-timar med oppgåver og 50 timars kurs på skulen/høgspentlab.
(Prisen inkluderer kursmateriell, lunsj, kaffimat og kaffi, dei 5 kursdagane på skulen.)
Betjening av høgspenttavle
For påmelding, send e-post: kurs.aus@hfk.no
For meir info, kontakt avd.leiar Håvard Magnus Njåstad: havard.magnus.njastad@hfk.no
Veke |
Dato | Kapasitet |
---|---|---|
36 | 31.08 - 04.09 |
Fullt |
37 | 07.09 - 11.09 |
Ledig |
40 | 28.09 - 02.10 |
Ledig |
42 | 12.10 - 16.10 |
Ledig |
44 | 26.10 - 30.10 |
Ledig |
46 | 09.11 - 13.11 |
Ledig |
48 | 23.11 - 27.11 |
Ledig |
49 | 30.11 - 04.12 |
Ledig |