Akvakultur i Frankrike
Tilbodet er eit samarbeid mellom norske og franske utdanningsmyndigheiter og vert administrert av Institut français v/ Den franske ambassade i Norge, samarbeidspartnar på norsk side er Fylkesmannen i Vest-Agder, Utdanningskontoret. Det vert søkt etter kandidater som er motiverte og som kan tenkje seg å fullføre skulegongen i Frankrike. Det er ikkje krav om å kunne fransk frå før. Dette (Vg1 Naturbruk i Norge + 3 år akvakultur i Frankrike) gir generell studiekompetanse og er godkjent som tilsvarande norsk fagbrev.
Søkjar må vere norsk statsborgar. Heile utdanninga vert dekka av stipend frå Lånekassen.
Den aktuelle skulen har blant anna oppdrett av piggvar, karpe og skalldyr. Elevar som kjem heim til Norge etter tre år i Frankrike vil snakke flytande fransk - ein stor fordel i samarbeid med franske og fransktalande bedrifter - og dei vil ha noko ulik kompetanse og erfaringar enn dei som går studieløpet i Norge. Studiane i Frankrike og kompetansen dei kjem heim med er av norske skulemyndigheiter vurdert tilsvarande den dei får i Norge. Fransk skule er anerkjent og det er ein tøffare skulekvardag enn i Norge med lange dagar og noko meir disiplin. Elevane som blir tatt opp i programmet skal gjennom ein utvelgingsprosess med skriftleg søknad og eit intervju før dei får skuleplass i Frankrike.
Mer informasjon finn de i infoskrivet , i søknadsskjemaet og
på nettsida til Institut francais de Norvège: http://www.france.no/no/utdanning-i-frankrike/videregaende-skole-i-frankrike