Du er her: Forside / Utdanningstilbod og kurs / Kursverksemd / Båtførarprøven

Båtførarprøven

Båtførarkurset er eit teoretisk og praktisk grunnleggjande kurs i bruk av båt. Det fører fram til båtførarbevis utsteda av sjøfartsdirektoratet/Norsk Test.

Gjennom kurset får deltakarane innsikt i praktisk sjømannskap, lover og reglar, navigasjon og kartlesing. 

Kursomfang: 25 timar (6 dagar teori/1 dag praksis)
Kursstad: Austevoll vidaregåande skule

Eksamensgebyr: kr. 646 (inkluderer båtførarbevis). Eksamen på båtførarprøven blir teken på Austevoll vidaregåande skule over internett. Nye reglar gjeld frå 01. april 2011.
Eksamenen består no av 4 deler, der  punkt 4. (Spesielt viktige emner) må vere 80 % riktige svar for få bestått. Totalt må du ha 40 av 50 spørsmål for å bestå.

1. Sjømannskap
2. Lover og regler
3. Navigsjon og kartlesing
4. Spesielt viktige emner ( Sjømerker, symboler i kartet, sjøveisreglar og lanterneføring for motorbåt/seilbåt)

Litteratur: Olaf Trysnes. Veien til båtførarprøven (arbeidsboka som høyrer til, kan vera nyttig å ha)

Obligatoriske hjelpemidlar:


- Sjøkart nr.21 (ell. båtsportkart som dekker kart nr.21)
- Passar
- Linjal
- Blyant
- Paralellforskyvar

 

Skulen arrangerer båtførarkurs når det har meldt seg mange nok deltakarar.

"Du kan og ta båtførarprøven som privatist, kontakt skulen for avtale om eksamen"


For påmelding eller meir informasjon ta kontakt med skulen:

Epost: post.aus@hfk.no

Telefon: 56 18 20 00/56 18 20 03


Les meir om internasjonalt båtførersertifikat ICC

 

Austevoll vidaregåande skule: 5392 Storebø. Epost: post.aus@hfk.no. Telefon: +47 56 18 20 00