Vg1 Helse og Oppvekst
Kvifor velje helse- og oppvekst
Likar du og arbeide med menneske?
- Ynskjer du å arbeida med eldre
- Ynskjer du å arbeida med ungdom?
- Ynskjer du å arbeida med barn?
- Ynskjer du å arbeida med funksjonshemma?
Då er helse- og oppvekst noko for deg!
Helse- og oppvekst er starten på opplæringa til fleire ulike yrke innan omsorg, pleie, rettleiing og støtte til menneske som treng hjelp.
På helse- og oppvekst vekslar vi mellom ulike arbeidsmetaodar:
Vanleg undervisning, temadagar, miniprosjekt og større prosjekt, ekskursjonar, matlaging, utplassering i arbeidslivet, m.m.
Grunnkurs helse- og oppvekst er inngangsporten til:
- Ambulansefaget
- Barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Fotterapi
- Helsearbeidarfaget
- Farmasiteknikk
- Helsesekretær
- Tannhelsesekretær
- Hudpleie
Gjennom det nye faget Prosjekt til fordjuping kan du vera ute i bedrift ein dag i veka store delar av året. På skulen vert det undervist i fellesfag og programfag.
Bilde frå skuleturen i mai 2013
Vg1 Helse og sosial har hatt eit lærerikt og triveleg studietur dei siste åra. Turen har gått til Spania, der dei har
vitja Solgården i Spania, Den norske skulen i Alfaz og sjukehus i Benidorm. Dette er eit populært tilbod.
Elevane har gjennom eit prosjektarbeid i skuleåret jobba i elevbedrift, for å tjene midlar til turen.
Bilder frå skuleturen i mai 2013