Vg1 Teknikk og Industriell produksjon (TIP)
Du som vel ei utdanning innanfor dette programfaget, må lære å meistre metodane i faga, verktøy og reiskapar, maskinar og måleinstrument, teknisk teikning. Dette utstyret blir nytta til å utføre mange oppgåver: å dreie, frese, bore, kappe, skjere, klinke, sveise eller lodde.
Dersom eit av yrkesfaga er «Kongen» over andre fag, må det vere dette faget.
Teknikk- og industriell produksjon opnar opp for nærare 60 ulike yrke, alt frå industrimekanikar, verktøymakar, platearbeidar, materialeadministrasjon, matros, motormann til det å bli yrkessjåfør.
Utdanninga er krevande og svært interessant, og gir godt grunnlag for arbeid i framtida. Opplæringa fører fram til fagbrev, og du kan ta vidare utdanning som fører fram til teknisk fagskule og ingeniørhøgskule.